Sogn Næring hadde ein gründer med gode produkt, men med behov for hjelp til å skape ein unik kontekst for produkta, ein merkevareplattform.

Saman med Gasta, tok vi tak i gamle skog- og handverkstradisjonar på Kaupanger, berekraftig produksjon og lidenskapen Ståle har for tre. Dette blei grunnlaget i heile merkevareplattforma.

Det er historia som er kjernen i Timbla. Korleis produkta vert laga, handverkstradisjonane på Kaupanger og kvaliteten på råvarane. Saman med Gasta og fotograf Marius Beck Dahle har vi skapt ei merkevariehistorie som er så mykje meir enn eit langbord. Sjå merkevarehistoria her.

Logo, grafisk profil og namn

Designer i Gasta, Ingar Midtbø, har skapt ein enkel, tidlaus logo og grafisk profil som byggjer opp under assosiasjonane vi vil ha fram (berekraft, tradisjonar og lidenskap for tre). Merkeløftet "Pure Norwegian Wood" var valt for at det òg skal fungere på eksportmarknaden. 

Utgangspunktet til namn var Sognefjord Langbord, men etter nokre rundar med Ståle blei vi einige om å finne eit betre namn. Fleire alternativ vart produsert og vurdert, før vi hamna på Timbla. Det er enkelt, kling godt, hadde ledig domene og er samansett av Timber + Amla (snikkarverkstaden ligg i Amla).


Sjå fleire referansar: