Saman med AdGo har vi produsert digitale bilag til fleire forestillingar hos Sogn og Fjordane teater:

Ideen er å skapa auka forventning og nysgjerrigheit rundt teaterstykka, ved å produsere innhald som viser "behind the scenes". Kven er skodespelarane? Kven er forfattarane? Kvifor er denne historia spennande?

Annonsar på Facebook og Instagram

Magasinet vart spredd på nett både før og under forestillingane. Det var kort veg til "bestill billett"-knapp og speleplan var lett tilgjengeleg. Artiklane blei annonsert på Facebook og Instagram, spissa geografisk mot dei ulike spelestadane. Tilsaman blei artiklane klikka på over 5900 gonger, med eit annonsebudsjett på nokre tusenlappar. Dette kallar vi valuta for pengane!

Ved å lage eigne magasin til kvar framsyning, hadde vi fleire artiklar å velje mellom i kampanjeperioden som gjekk over fleire veker. Dermed gjekk ikkje annonsane så lett "ut på dato".

Sjå det ulike magasina under (trykk på dei ulike sidane for å sjå heile).

 

Førestillinga "Fjordmann":

 

Førestillinga "Så vakker du er":

 

Førestillinga "Vildanden":


Sjå fleire referansar: