Med Gasta i førarsetet, fekk Lærdal Grønt nye nettsider i mars. I kjølevannet av dei nye nettsida, hadde dei behov for å marknadsføre i houdsak eit produkt: Lærdals Beste bringebær. Dette er frosne kvalitetsbær som seljast heile året, ypperlege til kakepynt og dessert.

Saman kom vi fram til å produsere ein artikkel med tre salgsargument: kvaliteten, sunnheiten og fordelane med at dei er dyrka i Lærdal. Desse tre argumenta blei prøvd i ulike annsar for å teste kva som fungerte best.

Kva annonse trur du slo best an?

Vi trudde sunnheit ville slå an, men fordelane med å dyrke bær i Lærdal vann. 

God effekt

Etter ein kapanje over tre veker, kunne Lærdal Grønt melde om auka sal av bringebær i perioden. Berre nokon Meny-butikkar solde bære, så vi spissa annonsane mot folk som budde i områdene rundt desse butikkane.

Sjå heile artikkelen her.


Sjå fleire referansar: