Drople AS er eit lite, men effektivt content marketing-selskap som lagar målretta innhald. Innhald som gjer bedrifta di meir synleg, interessant for kundar og spennande for arbeidstakarar.

Målretta innhald trengs overalt. På nettside, i sosiale medium, nyheitsbrev, stillingsannonsar - og ikkje minst for å oppnå betre treff i søkemotorar som Google. Ei sterk merkevare kjem ikkje av seg sjølv!

Drople vart starta av Astri Knudsen og Gasta design & kommunikasjon hausten 2015. Vi sit saman på Fosshaugane campus og nyt godt av kvarandre.

Å vite at kommunikasjon funkar er vår drivkraft.


 

Litt meir om Astri

Astri er frå Bergen, men var busett lenge i Oslo - heilt til ho innsåg kor sterkt dei vestlandske fjelda kadla ...

No er postadressa Sogndal og det spørs om den vert endra med det fyrste.

Astri er utdanna journalist med en master i politisk økonomi. Ho har jobba i Bergensavisen, og fleire år i sol.no. I tillegg har ho med seg erfaring frå content marketing byrået Bonzaii (som i dag heiter Sempro).

Ho elskar å skrive og å utvikle konsept for å hjelpe di bedrift å bli meir synleg på nett. Saman med Gasta kan du ikkje berre få godt innhald, du kan også få ein fin nettside og auka treff på søk og annonsering.