Det er snakk om å selje sjokolade, men konkurransen er hard. Korleis skapa noko som engasjerer kunden?

 Skjermdump av nettsida.

Skjermdump av nettsida.

Vel, alle eter sjokolade til ulikt tidspunkt. Ofte er det relatert til kos. Eller på tur. Kvikk Lunsj har vald en målgruppe: turfolket. Og så har dei gått all in.

Korleis få turfolk til å kjøpe din sjokolade? Vel, du må gje dei noko meir. Gje eit turtips, gje lysten på meir tur. Engasjera. Skap ein konkurranse. Gje dei noko når dei kjøper sjokoladen dei kan vinne med – om dei engasjerer seg på nett.

Kvikk Lunsj har skapa enkel innhaldsmarknadsføring

www.kvikklunsj.no gjer deg nokon turtips, og muligheita til å registrere koden du fikk med sjokoladen du kjøpte. Og så kan du lage ein profil å registrere alle kodene dine. Og så får du fine bileter som aukar lysten til å gå på tur. Det treng ikkje vere så vanskeleg.

Ikkje veit eg om turtipsa direkte har auka salet. Men Kvikk Lunsj har klart å halde seg som tursjokoladen. Nokon meiner dei er eit symbol på norsk kultur. Dei har skapa engasjement, og dei har gitt kundane noko meir en sjokolade.

Visste du at dei produserer rundt 50 millionar sjokoladar kvart einaste år, kor mellom 4000 og 5000 tonn av disse seljes i påsken? Det er sjukt mykje sjokolade.