Alle pratar om det for tida. Det høyres flott ut. Men kva er eigentleg content marketing?

Eg meiner det kan dyttast bak setninga «å gjere bedrifta di meir synleg på nett». Det er jo det ein vil; vere synleg for nye kundar, eksisterande kundar og ikkje minst for konkurrentar.

Men så er det mange måtar å gjere seg synleg på. I postkassen, i innboksen, på TV og med flotte bannera på nettsider. Utfordringa er at me ikkje bruker postkassa så aktivt. Ein nyter «nei takk til reklame». Ein blir blind på TV-reklame. Ein haker av «all read» i innboksen og så nytter ein ad-block for å unngå ting som poppar opp når ein vil lese nyheiter, eller irriterande bannera med lyder ein ikkje orker.

- Slå til når det gjelder

Korleis skal ein da nå nye kundar? Det er vel ikkje vits å argumentera for at det er nett og mobil som gjeld i dag. Til en viss grad nettbrett òg. Det er vi vel alle einige om.

Ein må gå ein hard kamp i møte for å trekke merksemd frå lesaren. Ein skal overvinne all «støyen» på nett som kan få lesaren til å stikke av. Du har ikkje mange millisekundane på deg. Du må freiste men noko. Og du må treffe.

Heile kluet

Serverer du innhald som treffer, skaper du nysgjerrigheit. Du skaper truverd og du skapar engasjement. Folk vil prøve produkta dine, de vil vite meir om deg og dine, og dei vil ha meir kunnskap om det du kan.  

Med content marketing, eller innhaldsmarknadsføring, gjer ein nettopp dette. Ein serverer gode råd om korleis ein skal vaske produkta dine. Korleis ein kan nytte naturen rundt hotelet ditt. Kva ein bør gjera for å spare strøm, eller kvifor ein bør nytte seg av dine oppskrifter.

Først innhald, så sal

Når du har freista lesaren, og han eller ho er nøgd med det klikket dei ofra på saka di, då har du ein potensiell kunde. Då kan du begynne å selje produkta dine, og skape eit kundeforhold.

Eg nytter ofte dette treffande sitatet frå Jeffrey Rohrs (Vice President i det amerikanske selskapet Salesforce):

«Content marketing er som eit stort nett du kaster ut for å fange merksemda til dine potensielle kundar. Når du har fått deira merksemd og interesse, da kan du begynne å arbeide dei gjennom salstrakta.»

Så get to it. Finn dei gode historiene, og form dei på ein treffande måte.

Hvis ikkje du kan, kan vi sølvklart gjere det for deg!

// Astri